- Title
- Episode 24: Samhaldstreet

Cayenne: Eit samhalds-tre? Her?!?.
NEI! Me er kaosah-hekser, så me DRIV IKKJE med slikt..
Sound: POFF!.
Cayenne: Bruk heller tida på å læra deg øydeleggings-formularane!.
Pepper: Øydelegging? På denne tida av året? Ville det ikkje vore betre med skapings-formularar?.
Cayenne: Snart er det tid for neste rådsmøte under dei tre månane – og for eksamen! Så lær! Pugg! ØV!!! OG SLUTT MED Å LA DEG DISTRAHERA AV DESSE TOSKNE INNFALLA!!!.

Sound: Kleis!.
Ffff.
Carrot: trykk.
Pepper: Grrrrr...!!!.
Vinter utan noko samhaldsstre?! Aldri!.
Eg får laga mitt eige tre – ved hjelp av trolldom!.
Ja! Kanskje eg for fyrste gong kan kombinera trolldom frå både hippiah og kaosah! Eit stort, grønt tre, lyssett av stjerner og mini-solsystem! Å, det hadde vore heilt nydeleg!.
Og ikkje minst kreativt!.
Men eg kan ikkje bruka slik magi her ... Gudmødrene ville straks oppdaga at eg ikkje pugga øydeleggings-formularar..

Pepper: Med mindre ... Om eg ikkje hugsar feil ....
Sound: Knnsj.
Pepper: Nettopp! I kapittelet om øydeleggingsformularar rår Timian oss til fyrst å prøva dei ut i mikrodimensjonar. Men så mange åtvaringar det er:.
Mm....
Writing: « IKKJE bruk opp all reaen på å skapa mikrodimensjonen.».
Pepper: Seier seg sjølv..
Writing: «Av tryggleiksgrunnar må du ALDRI ta med deg resultatet tilbake.».
Pepper: Pff... Sjølvsagt ikkje!.
Her er det!.
Writing: « IKKJE forvent hjelp utanfrå ... ... INGEN kan sjå kva du driv med!».
Pepper: Ingen? Verkeleg?! Heilt perfekt! Til verket!.
Sound: SjiiING.
Sjvoomp!!.
Cumin: Var det Pepar som laga ein mikrodimensjon?.
Thyme: Bra! Håpar ho fekk med seg alle åtvaringane som eg skreiv i kapittelet om øydeleggingsformularar..
Writing: KOMONA-nytt.

Pepper: Dødskult! Det er ei boble som inneheld berre den delen av biblioteket eg treng – og er heilt isolert frå vår eiga verd. Ei perfekt leikegrind for utprøving av trylleformularar..
No kan eg konsentrera meg om meisterverket!.
Sound: SjiiING.
PLOooom!!.
Pepper: He. Trur ikkje det ....
Sound: Dhoooff!!.
Pepper: Æsssj!.
Sound: Tsjting!!.
Pepper: Ja! Ser bra ut, men er kanskje litt lite ....
Carrot: ?.
Pepper: IKKJE RØR DET, GULROT!.

Sound: Plooom!!.
Pepper: Der! Rett storleik. No er det heilt perfekt! Men eg ser ikkje kva skade det kan gjera å ta treet ut av mikrodimensjonen. Det er jo berre eit samhaldstre – ikkje ein øydeleggingsformular..
Greitt! På tide å få flytta denne mikro-dimensjonen inn i røynda, så dei får sjå kor kreativt kaoset kan vera! Då vert dei nok lange i maska!.
Sound: DOooong!!.
Thyme: Der ja – Pepar er tilbake. Bravo, Kajenne. Pedagogikken din kastar endeleg av seg..
Cayenne: Takkar, overheks Timian..

Pepper: GULROT! Eg skal berre ned og henta Timian, Kajenne og Karve. Og ikkje rør noko i mellomtida, forstått?!.
Bra. Eg er straks tilbake!.
Sound: BRRrrr BRRr BRRrrr BRRrrr BRRrrr BRrr.
Carrot: ?.
Sound: Sjroof!!!.
Carrot: !!.
Sound: BRRr BRRrrrr.
Carrot: !!.
Pepper: De kjem til å verta heilt himmelfalne! Tippar de aldri har sett noko liknande! Berre følg med opp ....

Sound: Sjroooof!!.
Pepper: ?!!.
Sound: Fooom!!!.
KRASJ!!!.
Pepper: Ser visst ut til at eg har studert øydeleggings-formularar likevel ....
Narrator: – SLUTT –.

Credits: Gledeleg jul!.
Desember 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen.
Forbetring av dialogen: Craig Maloney, CalimeroTeknik og Jookia..
Korrekturlesing og tidleg tilbakemelding: Alex Gryson, Nicolas Artance, Ozdamark, Zveryok, Valvin og xHire..
Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson..
Programvare: Krita 3.2.3 og Inkscape 0.92.2 på Ubuntu 17.10.
Licens: Creative Commons Attribution 4.0.
Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 810 som støtta denne episoden:.
Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy.